søndag 17. januar 2016

Fuckings heldige svin

Lukka vår er spredt ut over Noregs land.
Eg hadde hata oss så jævlig.

Godt eg kjenner til sorga.
Angsten.
Smerta.
Det me ikkje sprer. 

Godt eg veit kven me eigentlig er.

onsdag 4. november 2015

Berre ein bokstav

Eg fekk A på eksamen i dag. Det er fyrste gong eg har fått A på begge eksamena og dermed A som samla karakter i eit emne. Eg har jobba, håpa og drøymt om dette lenge og i dag skjedde det. Eg enda opp med å legge ut resultatet på Instagram, for å så angre etterpå. Skamfull over mi eiga lengsel etter bekrefting frå andre, når eg sjølv eigentlig berre kjenner meg tom.

For kva er det med desse bokstavane som set verdi på oss og fortel oss kven me er. Kva betyr dei eigentlig, kva seier dei om meg og om kva eg har i vente.

Bokstaven kan ikkje garantere meg ein jobb eg trivst i, gode vener eller lukke. Den kan ikkje garantere at eg kjem til å gjere ein god jobb, at eg ikkje vil gjere feil eller kjem til å angre på val eg har tatt. Den kan ikkje ta vekk vakne netter fulle av bekymring. Kan ikkje garantere at kjærasten min ikkje døyr i morgon eller at eg ein gong i framtida vil få born. Friske born. Glade born. Den kan ikkje skåne meg for livet, med sine opp og nedturar, som ventar på meg der framme. Nei, dei kjem uansett.

Bokstaven var god denne gongen, men neste gong vil den kanskje ikkje vera like god. Eg håper eg ser det same då. At bokstaven ikkje er meg, at eg ikkje er bokstaven.

At det berre er ein bokstav.

fredag 23. oktober 2015

Heime igjen

Korleis kan eg sove
Når eg veit du ligg vaken i eit eller anna land

Korleis kan eg slappe av
Når du sitt livredd i ein båt over havet

Korleis kan eg smile
Når tårene pressar på hjå deg
Når du prøver så godt du kan å halde dei tilbake

Korleis kan eg ete
Når bilete av svoltne deg går på repeat i hovudet mitt

Korleis kan eg klage
Når du ser noko positivt med det meste
Når du er så takknmelig for eit lite eple

Korleis vera glad igjen
Korleis leve normalt igjen
Korleis vera her igjen

Etter å ha møtt deg


tirsdag 8. september 2015

Eg kan sjå det for meg



Det som irriterar meg mest med denne flyktningsdebatten er at dersom det hadde stått hundre flyktningar på Kvisti, som ikkje eigde nåla i veggen, som ikkje hadde ein stad å sove eller mat til barnet sitt, så hadde me aldri vore i tvil. 

Me hadde stansa bilen og byrja å ringe folk, byrja å ordne ei løysning. Mjeldalen Ungdomslag hadde latt folk få sove der midlertidig, seniorgruppa hadde samla seg og byrja å koke lapskaus, mens nokre andre hadde leika med borna. Alle i bygda hadde kome med klede dei ikkje brukar lenger og veldig mange hadde opna heimane sine. Bedt ein familie på middag, latt dei få låne eit av dei ledige romma dei har i husa sine. For dei fleste av oss har eit ledig rom. Kiwien hadde kome med frukt og drikke. Fotballklubben hadde stilt med sine lokale, delt ut fotballar til borna og musikklaget hadde starta innsamlingsaksjon, som heile bygda hadde bidratt økonomisk i. Ei krone her, og ei krone der. 

Eg kan sjå alle dei fantastiske menneska eg kjenner på Osterøy for meg; I full driv og engasjement for denne saka.

Tingen er at me aldri hadde vore i tvil om å hjelpe, for me hadde sett det med våre eigne auge. Elendigheita. Desperasjonen. Hjelpelausheita. Men ikkje minst så hadde me sett godheita i augene deira, takknemlegheita og varmen. Me hadde sett at dei faktisk er menneske, som kan gjere Osterøy til ein betre stad, berre dei får sjansen. Me hadde oppdaga at nokre av desse menneska, som me kallar flyktningar, faktisk kunne bli framtidige vennar, klassekameratar, arbeidskollegaer og naboar. Me hadde oppdaga at det går heilt fint.

Så kjære regjering, send dei til oss.


Me klarar det.

mandag 31. august 2015

Hjarta mitt på rundreise

Hjarta mitt er i eit 150 år gamalt hus, saman med ein mann som er tjue år eldre enn meg.
Eller atten då, men uansett;
Hjarta elskar han.

Det er i Middelhavet saman med eit likbleikt born, som flyt rundt saman med mor og far sin. Hjarta mitt blør, men det hjelper ingenting. Hjelper ingen.

Det er hjå systera mi og bror min, som eg vil gjere alt for. Skru tida fram, så dei sjølve kan sjå at alt ordnar seg der framme. Men oppgåva blir for mykje for eit lite hjarte.

Hjarta mitt er hjå ein palestinar i Gaza, som blir meir og meir sint fordi Israel og verda gjorde akkurat det han trudde dei kom til å gjere; ingenting. Berre denne evige fortsettinga av likegyldighet.

Hjarta mitt er langt frå likegyldig, men likevel så hjelpelaust.

Hjarta rasar forbi Sogndal, har ikkje tid til å stoppe nett no.

Bekymringfri kvardag lokker, men hjarta er på rundreise, på jakt etter elendigheit. På jakt etter oppgåver det ikkje kan løyse.

onsdag 22. juli 2015

Det skjedde vel ikkje?

Born sprong ikkje livredde
langs ein sti,
som ein gong var fyllt av kjærleik

Det skjedde vel ikkje,
at ho låg livredd
under den livlause venen sin.
Redd for å lage ein lyd,
redd for å vise at ho var i live.

Det skjedde ikkje,
at han i rein desperasjon
mista grepet i fjellveggen.
Og møtte døden der livet 
og engasjementet før vart hylla

Skjedde det?
Dei desperate telefonsamtalane
Fortvilte foreldre, som for siste gong
høyrte stemma til barnet sitt

Livredd.

Det skjedde ikkje.
Gjorde det verkeleg det?

La det ikkje skje,
at dei døydde forgjeves...



mandag 20. juli 2015

For ikkje lenge sidan

ønska eg døden velkommen.

No fryktar eg den meir enn alt

på grunn av deg.